Medlemslaga

Nordsjø-
fartmuseet
i Telavåg
Museet vart opna den 26. april 1998. Det er eit flott og moderne bygg med kinosal til nærare 100 personar og konferanserom. Bygget er teikna av arkitekt Paal J. Kahrs. Dei tre faste utstillingane på museet omhandlar Telavågtragedien, Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen. Det er sett av eigen plass til skiftande utstillingar.
Kystmuseet
i Øygarden
Kystmuseet i Øygarden er eit økomuseum for kystkulturen i ytre strøk av Hordaland. Eit økomuseum er ikkje berre ein bygning, men naturopplevingar og kulturminne der dei hører heime i det særeigne kystlandskapet. Museet er oppteken av samanhengen mellom kultur og natur, miljøtilhøve, samfunnsutvikling og dokumentasjon av fortid og samtid i kystregionen. Du finn museet i Ovågen ved den gamle dampskipskaia.
Fjell Kultur-
minnelag
Ut frå ønsket om å ta vare på kulturarven vår og formidla den vidare til komande slektar, vart Fjell Kulturminnelag stifa den 23. februar 1987, Laget har som føremål ” .. å verna om, og spreia kunnskap om alle typar kulturminne i Fjell Kommune.
Laget har så langt konsenstrert seg om å samla og ivareta fysiske kulturminne frå strilekulturen.

Sund
Sogelag
tekst kjem
Øygarden
Sogelag
Øygerden sogelag har som oppgåve å hegna om, fremja og utvikla lokalkulturen i Øygarden kommune. Sogelaget har engasjert seg i restaurering av robåtar, registrering av gamle fiskebåtar frå motoren vart tatt i bruk, registrering av bruk og fordeling av lakseplassar, innsamling av stadnamn og gamle bilete. Sogelaget arrangerer temamøte saman med Kystmuseet 2-3 gonger i året.
Sogelaget har i 2002 53 medlemer.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *