S t a r t
Årboka 2011
Bestill boka
Medlemslaga
Arkiv
Lenkjer
 





 



Sjå HER for støtespelarar 2010


Kjell Arve Vorland:
«Vorland mølle og tørkeanstalt»

«I registreringa av møller og kverner for korntrygd i Sund i 1926 kjem det fram at det er Vorland mølle og tørkeanstalt som er den viktigaste i Sund.»
>> Les meir i boka

Marta Lillian Ekerhovd:
«Livshistoria til ei utflytt strilejente. Møte med Karla Misje»

«Det undrar meg at ho ikkje bruker smykke, berre ein godt synleg kross pendlar i halsgropa. Ho merkar at eg stirer, og seier: - Krossen fekk eg då eg vart innvigd til diakonisse, og lenkja er ei gåve frå medelevane mine. Sidan har eg bore han kvar einaste dag. Kvinna heiter Karla Misje.»
>> Les meir i boka

Annbjørg Sæle:
«Vårleikar»

«Eg voks opp på Tjeldstø på 1950-talet. Me var mange born der på den tida, og det var mange å leika med. Men det gjekk eit tydeleg skilje mellom dei på nordre garden og dei på søre garden - ikkje fordi det var uvennskap, men fordi ein leika med dei som budde nærast.»
>> Les meir i boka

Svenn Martinsen:
«Dei bad i hatten. Frå sokneprest Bjørn Godø Aachariassen si presteteneste»

«Zachariassen kjende alltid særskild omsut og særleg ansvar for dei gamle og sjuke. Han var flink til å lydast innom til folk som sat eller låg einsame kringom i kyrkjelydane der han hadde sitt kall. Han var ein ekte bergensar, direkte, ekte og beint fram.»
>> Les meir i boka

Ole-Jacob Abraham:
«Batterie Fjell schiessklar! Våpen på Fjell festning 1942-1945»

«I denne artikkelen ser vi nærmare på nokre av våpna på Fjell festning under krigen. I tillegg til tyske våpen fanst det franske, danske og tsjekkiske våpen som tyskarane hadde gjort til sine.»
>> Les meir i boka

Elin Golten:
«Ein verdsborgar som la hjarta sitt att på Golta»

«Sigurd Golten vart fødd inn i ei tid og ein kultur som i hovudsak baud på to levevegar for unge gutar: å bli gardbrukar og fiskar, eller å bli sjømann. Men denne guten skulle vise seg å sprengje alle realistiske rammer og forventningar, og mot alle odds bli eigar av eit verdsomspennande konsern.»
>> Les meir i boka

Arne Asphaug:
«Sangen til bygda. Samtale med Tora Marie Midttveit frå Telavåg»

«-Eg har fått CD-spelar og sit og spelar «Sangen til bygda». Då minnest eg Kvednhopen akkurat sånn som det står i den viso, der elva tar av. Elva renn ned frå Midttveitevatnet og ut i sjøen. Der på høgre handa budde me.»
>> Les meir i boka

Tore Nordvik:
«Fra «Kvarven» til «Marsteinen» - Harald Juuhl sine teikningar frå Sund»

«Ein av sønene i huset, Harald Juuhl (1872-1950), hadde òg eit opphald i Sund, på Glesvær, truleg for å freiste tilværet som lokal kunst-målar. Frå denne perioden kjenner me fleire blyantteikningar med motiv frå stader i Sund. Dei vart kring 1925 utgjevne i postkorthefte.»
>> Les meir i boka

Vigleik Røkke Mathisen og Ruth Svellingen:
«Hermetikkfabrikken på Hellesøy gjennom 80 år»

«Planane om ein hermetikkfabrikk på Hellesøy vart lanserte i 1916. Året etter byrja produksjonen i fabrikken, under namnet Øygaren Preserving Co. A/S, med konservering av brisling og sild. Det var altså eit aksjeselskap, og drifta baserte seg på sesongarbeid.»
>> Les meir i boka

Sølvi Vik:
«Vavette - dei viktige fiskarvottane»

«Godt ullhandverk har vore ein viktig føresetnad for å kunne drive fiske langs norskekysten i dei kalde vintermånadene. Under dei store sesongfiskeria var fiskarane avhengige av å ha med seg mat og klede heimanfrå.»
>> Les meir i boka

Ivar Schjetne
«91 tusenårige ord på sotteseng»

«Eg ville sjå nærare på ein del gamle ord som gjev uttrykk for allmenne omgrep i dagleglivet. No har det seg slik at eg har plukka ut 91 ord, som heider til heimelsmannen min, den 91-årige Alf Sæle.»
>> Les meir i boka

Kjell Terje Dåvøy
«Losing i regionen i eldre tid. Del II»

«Denne delen handlar om losstasjonane i Øygarden og på Sotra og den høge ulykkesrisikoenfor losane. Artikkelen inneheld òg ei oversikt over losane frå distriktet frå slutten av1700-talet og fram til nyare tid.»
>> Les meir i boka

Gunnar Furre
«Jagarflyet frå djupet»

«Etter meir enn 60 førebuande dykk var det 1. november 2006 klart for heving. Om lag ein time etter at løftevaieren var fastgjord på 62 meters djup, braut «Gul-16» overflata, svevde nokre nervepirrande minutt i sitt rette element, og gjekk deretter inn for ei perfekt landing om bord på M/F «Flekkerøy».»
>> Les meir i boka

Kjell Terje Dåvøy:
«Gamle-Ole sin siste rotur: Denne og andre historier henta i tingbøkene frå 1700-talet»

«Ein maidag i år 1730 vart Ole Halversen, busett på garden Nore Sæle i Øygarden, funnen død i færingen sin.»
>> Les meir i boka

Ruth Berit Vik og Sølvi Vik:
«Landskap i endring»

«I artikkelen «Landskap i endring» i Havstrilen 2007 er det eit fotografi som viser to kvinner med kiper på ryggen. Sidan berre ei av kvinnene vart nemnd ved namn vil vi no fortelje litt om dei begge, Katinka Vik og Ingeborg Fagerheim Vik.»
>> Les meir i boka

© 2002-2011 Havstrilen • Web- og bokproduksjon: Dragefjellet.no