|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
||
|
|
|
||||||
Huset med bygdasjela |
|
«I
alt er det registrert rundt 3000 bedehus i Norge,
av dei rundt 300 berre i Hordaland. Talet er litt
usikkert, for opp gjennom åra er det bedehus
som er gått ut av bruk, rivne, stengde eller
selde til andre
føremål.» |
|||||
Glesnes ungdomslag 1904-2004 |
|
«Initiativet
til stiftinga av Glesnes ungdomslag vart tatt av
Peder Kallestad og Jan Bakke. Desse to ungdomane
hadde vinteren 1902-03 vore elevar ved Nordhordland
Fylkesskule.» |
|||||
Forliset på Sæle i 1904. |
|
«Ut
på dagen vart seksæringen funnen
utanfor Hernar. Han var kvelvd, og alt hadde velta
ut or båten. Truleg hadde han kollsigla og
reke med vinden mot land for han var ikkje knust.
Liket av ein av dei seks mennene vart funne. Ein
hake på støvelen hans hadde hengt seg
fast i ei garnlenkje. Dei andre fem i laget, vart
aldri attfunne.» |
|||||
Bruk av open båt. Tradisjonell bruk knytt til Oselvaren |
|
«Oselvaren
var mest einerådande som open fiskebåt
i dei ytre stroka av midtre og nordre Hordaland
heilt til Hernar i Øygarden til opp på
1950-talet.» |
|||||
Arnt Larsen - ein tidleg amatørfotograf på Kolltveit |
|
«Han
kjøpte kamera, og vart snart ein ivrig og
dugande amatørfotograf. Også utstyr
for framkalling og kopiering skaffa han seg, og
innreidde mørkerom på eit loftkammers
heime hjå foreldra på
Kolltveit.» |
|||||
Med Aktive Fredsreiser frå Telavåg til Sachsenhausen |
|
«Aktive
Fredsreiser sender kvar veke året rundt
bussar med skuleungdom frå heile landet til
Polen, Tyskland og Tsjekkia for å
besøkja leirar som Auschwitz, Birkenau,
Sachsenhausen og Ravensbrück.» |
|||||
Aslak av Hernar og Ragnvald Orknøyjarl |
|
Hernar
på 1100-talet: Samlingsstad for jarlar,
bispar, lendmenn og andre av kongen sine menn
på utferd. Fleire norrøne soger fortel
om Hernar som ei viktig hamn for sjøfarande
på veg til eller frå
Vesterhavsøyane eller Island og
Grønland.» |
|||||
Livet er grenselaust. Ingvald Ulveseth - frå småbruk til Storting |
|
«Tretti
år tilbake - før ordet kjendis var
oppfunne - var Ingvald Ulveseth truleg den mest
offentleg kjende personen her frå distriktet.
Lågmælt, varsam og vennleg, men
klår i blikk og tale.» |
|||||
Havstrilen og hummaren. Fangst og sal av hummar i eldre tid |
|
«Om
havstrilane og nordmenn flest ikkje åt
hummar, vart den sett på som ei delikatesse i
England og på kontinentet. Det er då
også sagt at det var hollendarane som
lærde dei norske fiskarane å fange
hummar.» |
|||||
Amerikabrev |
|
«Utapå
konvolutten står det skrive med flott
handskrift: FRK. ANNA KNUDSEN AGOTNES PR. BERGEN,
NORWAY, men når ein opnar brevet, er det
maskinskreve og på første side med
store trykte bokstavar namnet på avsendaren
THOMAS THOMPSON, SISSETON, S.D. Sept.1st,
1954.» |
|||||
Om torsk. På strilekysten og i verda elles |
|
«Dei
årlege innsiga av gytetorsk i februar - mars
var/er høgt verdsette både av
havstrilane sjølve, av fjordfolket som kom
og la seg inn i fjæremannsbuene om vinteren,
og i dag av tyske fisketuristar som kjem til
fiskeværa som er etablerte dei siste 10 - 15
åra.» |
|||||
© 2002-07 Havstrilen >> Web og bokproduksjon: Dragefjellet >> Kontakt Havstrilen |
|