S t a r t
Årboka 2009
Bestill boka
Medlemslaga
Arkiv
Lenkjer
 





 



Sjå HER for støttespelarar 2003


«…de velsignede hinanden på den onde maade…» Tingbøkene for Nordhordland - ei rik lokalhistorisk kjelde
Av Kjell Terje Dåvøy

«Tingbøkene for Nordhordland er teke vare på frå 1642. Bøkene eller protokollane vart skrivne av sorenskrivaren og gir eit referat over kva som gjekk føre seg på bygdetinga. På mange måtar kan vi lese tingbøkene som ei lokalavis.
>> Les meir i boka

Ola og Anna. Ei historie om synd og straff i Fjell på 1780-talet
Av Halvor Skurtveit

«Tidleg i november 1786 heldt kapellan Lihme liktale over Engel Olsson i kyrkja på Fjell. Gravlegginga hadde funne stad nokre dagar tidlegare. Odelsguten frå Bildøyna vart berre 21 år gammal.
>> Les meir i boka

Kyrkjereiser for prest og kyrkjelyd over fjord og osar i Hjelme sokn
Av Egil Sæle

«Det vert fortalt at presten gjekk opp på ein knaus ved prestegarden på Manger når vinden reiv om novene søndagsmorgonen. Der prøvde han å stå på ein fot i kulingen. Dersom han då greidde å halda balansen i vindkasta, gjekk han ned til skysskarane og ba dei setja ut båten.
>> Les meir i boka

Martin Hjelmen.
Eit hundreårsminne
Av Egil Christophersen

«Eg er på garden Hjelmen, heilt nord i Øygarden kommune, heimplassen til Martin Rasmussen Hjelmen. Her blei grunnlaget lagt for eit sjeldan dramatisk liv, og for ein sjeldan dramatisk lagnad. Den 24. januar er det hundre år sidan han blei fødd, og den 30. mai er det 60 år sidan han blei avretta.
>> Les meir i boka

To år av min barndom
Av Åge Magne Oen

«Jeg bodde to år i Båtevik, fra 1952 til 1954. Båtevik ligger mellom Oen og Breivik, og det var ingen vei den gang, vi måtte gå gjennom (utemark) lyng/brake og steiner. Her var det bare et hus og en løe. Huset var et gammelt, lite trehus med en stue, kammers og kjøkken nede, og en lem og et rom oppe.
>> Les meir i boka

Kvinnene på Hissøyna i krig og fred
Av Gudveig Lillebø

«...tre kvinner frå øya - Olga Nybakk, fødd i 1920, Ingrid Lillebø Solsvik, fødd i 1925, og Magnhild Storesund, fødd i 1926 - unge jenter då krigen stal dei beste ungdomsåra, kan fortelja om lange år med tungt arbeid, mismot, lengsel og mangel på det meste ... men og om samhald og glede over dei små lyspunkta i tilværet.
>> Les meir i boka

Et monument over Shetlandsgjengen
Av Jenny Heggvik

«Under siste krig spilte Shetlandsgjengen en vesentlig rolle i sambandet mellom det avstengte, okkuperte Norge og det frie Storbritannia. Den hadde en stor betydning for motstandsarbeidet i Norge ved å frakte over militært utstyr og agenter.
>> Les meir i boka

Då krafta kom til Øygarden
Av Bjørg Christophersen

«Det er berre 50 år sidan elektrifiseringa av Øygarden tok til, rundt 70 år etter at straumen vart teken i bruk i Noreg på slutten av 1800-talet. Den moderne energisoga i Øygarden er såleis svært kort - frå tradisjonell torvskjering, ved og kol til hypermoderne olje-og gassanlegg i løpet av nokre få tiår.
>> Les meir i boka

Anna Isaksen, Glesvær. Eit livsløpintervju
Av Margrethe Kallestad

«Anna var dotter til Martha frå Nordvik og Peder frå Trellevik. Far til Anna hadde vore i Amerika i ni år og mora i to år då dei kom attende til Norge og slo seg ned i Trellevik som ektepar. Året etter, den 24.09.1909 fekk dei si fyrstefødde dotter, og det var Anna Cecelie Mathilde.
>> Les meir i boka

Ausa båten!
Av Øyvind Strandheim

«Om havstrilen er sagt at han har mykje å stri med.
Medan kona putlar med småbruk, heimahus, ungar, innkjøp, foreiningar, sosialt liv, dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, styrer mannen med naustet og båten.
>> Les meir i boka

Brattholmen. Med rett til å bryggja øl og skjenka vin og brennevin
Av Jakob E. Ågotnes

 

 

 

«Vi veit ikkje akkurat når gjestgiveriet vart oppretta i Brattholmen, men det har truleg vore gjestgiveri og skysstasjon der alt frå tidleg på 1700-talet.
>> Les meir i boka

© 2002-07 Havstrilen >> Web og bokproduksjon: Dragefjellet >> Kontakt Havstrilen