|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
||
|
|
|
||||||
Trubaduren frå Sotra |
|
Den
nye Sund-kyrkja vart i minste laget då Sund
og Sotra og tilreisande vener sku1le ta farvel med
Johannes Kleppevik den 12. februar i år.
«Kystens trubadur» hadde gjennom ein
mannsalder vunne seg ein romsleg plass i den norske
kystkulturen. Ved sida av Ivar Medaas var han
strilen framfor nokon.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Fra bygdetinga til Sotrabrua |
|
Kva
er fellesskap? Korleis treffer me andre menneske?
Kvar er møteplassane? I ei tid der
internett-teknologien viskar ut grenser og gjer det
mogeleg å verta betre kjende med vener
på andre sida av jorda enn med våre
eigne naboar, kan det vera interessant med eit lite
attersyn. >>
Les
meir i boka |
|||||
Strilen og strileomgrepet |
|
Kva
opphavet til ordet stril er, er det ikke noko
eintydig svar på. Sjølve omgrepet er
diffust og ein finn mange ulike forklaringar
på kvar navnet stammar frå, men nokre
sikre, historiske kjelder for opphavet til namnet
finn ein ikkje. Den teorien strilane sjølve
likar best, fører attende til sagaen orn
Håkon Håkonsson.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Sildebein |
|
Dei
første menneskje i landet slo seg ned i
Øygarden |
|||||
Fabrikkarbeidarbustader i Knarrevik på Sotra. |
|
..
industristaden Knarrevik med industribygningar
på eine sida og bustadhus på andre sida
av brua. Nokre små kvitmåla hus med
skifertak (..) Øvst på haugen der
vegen frå brua skjer igjennom, ligg det tre
store stilreine hus med arker og takutbygg. Alle
desse husa (..) har eit iaugefallande serpreg.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Losvesenet i regionen |
|
Viksøy
losstasjon i Sund feirer 100 års jubileum i
år. På den bakgrunnen kan det vera
interessant å sjå litt på
utviklinga av losvesenet i vår region med
noko nærare omtale av jubilanten,
Viksøy losstasjon.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Arne Værum 1919-1942 |
|
Det
er i halv sjutida om morgonen, søndag den
26. april I942. Den hurtiggåande tyske
motorbåten M/B «Roland« glir stille
inn mot Telavåg (
) I den vesle stova
til Martha og Laurits Telle, berre eit par hundre
meter frå kaia, ligg to Lingekarar og
søv i andre etasje, Emil Gustav Hvaal og
Arne Værum. >>
Les
meir i boka |
|||||
Mineulykka på Heggøy |
|
Sundag
4. mai 1941 hende det ei stor ulykke på
garden Heggøy i Øygarden.
Måndag skreiv Bergens Tidende: «Ny
mineulukke i Øygarden krev seks
menneskeliv.»Av dei to unge gutane som vart
såra, døydde ein 11-åring
seinare. Martin Alvheim fortalte i 1995 på
kva måte han vart delaktig i ulykka.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Soga om Fløskjeret |
|
Fløskjeret
er ein liten holme som ligg på sørsida
av Senosen, mellom Straumesundet og garden Breivik.
Holmen er ikkje stor, den er berre omlag 50 meter
lang og to mål i areal. Skjeret kan liggje
verhardt til i nord-vestavinden, men på
sørsida av skjeret er det likevel ei god og
lun hamn. >>
Les
meir i boka |
|||||
Segn fra Øygarden |
|
Ein
mann frå Hjelme ville rydda seg ein teig der
det berre vaks brake og lyng. Han hadde med seg
middagsmat; supa i ein ambar. Då det leid til
middagstid fann han seg ein høveleg
kvilestad og tok loket av ambaren. Men der stod han
med loket i eine handa og ambaren i hi - så
hadde han gløymt å ta med skei.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Skinnhyre og sjøklede. |
|
Å
vera fiskar har alltid vore eit hardt og krevjande
yrke (...) Til alle årstider måtte
fiskarane ut på havet i små
båtar, utsette for ver og vind. Utstyret, og
ikkje minst kleda, skulle tola sterk vind,
væte og kulde. Bortsett frå båten
var det meste av det dei trong produsert av
fiskarbondehushaldet.
>>
Les
meir i boka |
|||||
Lefse |
|
Lefse
er ei av dei eldste formene for brød vi
kjenner til i Noreg. Ordet lefse kjem av leiv,
oldnorsk «hleifr» og tyder det enkelte
brød, motsett «braud», som tyder
brødet som stoff. Lefse er eit
brødslag som har vore kjent i heile landet,
men namn og tillaging har vore skiftande. |
|||||
Giertsen-naustet på Ågotnes - kystkulturhistorie fra Fjell. |
|
9.
juni 1903 gjorde oppsitjarane på
Ågotnes i Fjell ein avtale der dei
«bortleier en nøstegrund til Giertsen
& Co, Bergen, 17 alen bred og 30 alen lang
på et sted kaldes Mathopen.» Firmaet
fekk også rett til plass for «volling af
sine nøter, dog ikke paa klipfiskbergene
naar der er fisk paa dem.»
>>
Les
meir i boka |
|||||
Rutetrafikk i Øygarden |
|
Det
må ha vore litt av eit bisn for mange i
Øygarden då hjuldampskipet
«Oscar» peste seg sørover
Hjeltefjorden, virvla opp sjøen med sine to
store skovlhjul, spydde ut svart røyk, gjekk
mot vind og straum og gav frå seg ein lyd som
skremde mange inn i kjellar og naust (..) «Ka
i Herrens søte namn og rike er detta her? E
da tegn på at verdens undergang er
nær?» >>
Les
meir i boka |
|||||
© 2002-2011 Havstrilen • Web- og bokproduksjon: Dragefjellet.no |
|