|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Medlemslag |
Kort om laget/museet |
|
|||
|
Nordsjø- |
Museet vart opna den 26. april 1998. Det er eit flott og moderne bygg med kinosal til nærare 100 personar og konferanserom. Bygget er teikna av arkitekt Paal J. Kahrs. Dei tre faste utstillingane på museet omhandlar Telavågtragedien, Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen. Det er sett av eigen plass til skiftande utstillingar. |
Nordsjøfartmuseet |
|||
|
Kystmuseet |
Kystmuseet i Øygarden er eit økomuseum for kystkulturen i ytre strøk av Hordaland. Eit økomuseum er ikkje berre ein bygning, men naturopplevingar og kulturminne der dei hører heime i det særeigne kystlandskapet. Museet er oppteken av samanhengen mellom kultur og natur, miljøtilhøve, samfunnsutvikling og dokumentasjon av fortid og samtid i kystregionen. Du finn museet i Ovågen ved den gamle dampskipskaia. |
Kystmuseet |
|||
|
Fjell Kultur- |
Ut frå ønsket om å ta vare på
kulturarven vår og formidla den vidare til komande
slektar, vart Fjell Kulturminnelag stifa den 23. februar
1987, Laget har som føremål " .. å verna
om, og spreia kunnskap om alle typar kulturminne i Fjell
Kommune. |
Fjell Kulturminnelag |
|||
|
|
SUND SOGELAG reetablert 2006. Leiar er Arne Olav Nilsen og sekretær Erling Toft. Laget har som føremål å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie og kulturvern; ta vare på det som har verd for Sund sin historie og det som vitnar om folk sine levekår gjennom tidene. Aktuelle prosjekt er m.a. gards- og ættesoge for Sund og rehabilitering av Vorlandsvassdraget. |
Erling Toft |
|||
|
Øygarden |
Øygarden sogelag har som oppgåve å hegna om, fremja og utvikla lokalkulturen i Øygarden kommune. Sogelaget har engasjert seg i restaurering av robåtar, registrering av gamle fiskebåtar frå motoren vart tatt i bruk, registrering av bruk og fordeling av lakseplassar, innsamling av stadnamn og gamle bilete. Sogelaget arrangerer temamøte saman med Kystmuseet 2-3 gonger i året. |
Øygarden sogelag |
|||
© 2002-07 Havstrilen >> Web og bokproduksjon: Dragefjellet >> Kontakt Havstrilen |
|