Arkiv

Trubaduren frå Sotra
Av Olav Kobbeltveit

Den nye Sund-kyrkja vart i minste laget då Sund og Sotra og tilreisande vener sku1le ta farvel med Johannes Kleppevik den 12. februar i år. «Kystens trubadur» hadde gjennom ein mannsalder vunne seg ein romsleg plass i den norske kystkulturen. Ved sida av Ivar Medaas var han strilen framfor nokon.

Fra bygdetinga til Sotrabrua
Av Kjell Alvheim

Kva er fellesskap? Korleis treffer me andre menneske? Kvar er møteplassane? I ei tid der internett-teknologien viskar ut grenser og gjer det mogeleg å verta betre kjende med vener på andre sida av jorda enn med våre eigne naboar, kan det vera interessant med eit lite attersyn.

Strilen og strileomgrepet
i eldre og nyare tid
Av Trude Helle, Ragnhild Grøndal, Annette Frydenberg og Ellen Gjengedal Aarset

Kva opphavet til ordet stril er, er det ikke noko eintydig svar på. Sjølve omgrepet er diffust og ein finn mange ulike forklaringar på kvar navnet stammar frå, men nokre sikre, historiske kjelder for opphavet til namnet finn ein ikkje. Den teorien strilane sjølve likar best, fører attende til sagaen orn Håkon Håkonsson.

Sildebein
Av Øyvind Strandheim

Dei første menneskje i landet slo seg ned i Øygarden
Da e ikkje merkjeleg
Da so e merkjeleg
er at nokon trur
i fullt alvor
dei slo seg ned i Blomvågen

Fabrikkarbeidarbustader i Knarrevik på Sotra.
Nytt innslag i byggjeskikken
Av Jakob E. Ågotnes

.. industristaden Knarrevik med industribygningar på eine sida og bustadhus på andre sida av brua. Nokre små kvitmåla hus med skifertak (..) Øvst på haugen der vegen frå brua skjer igjennom, ligg det tre store stilreine hus med arker og takutbygg. Alle desse husa (..) har eit iaugefallande serpreg.

Losvesenet i regionen
Av E. Evensen, K. Evenjen, A. 0. Austevoll, G. Hummelrund og R. Hufthammer

Viksøy losstasjon i Sund feirer 100 års jubileum i år. På den bakgrunnen kan det vera interessant å sjå litt på utviklinga av losvesenet i vår region med noko nærare omtale av jubilanten, Viksøy losstasjon.

Arne Værum 1919-1942
Av Egil Christophersen

Det er i halv sjutida om morgonen, søndag den 26. april I942. Den hurtiggåande tyske motorbåten M/B «Roland« glir stille inn mot Telavåg (…) I den vesle stova til Martha og Laurits Telle, berre eit par hundre meter frå kaia, ligg to Lingekarar og søv i andre etasje, Emil Gustav Hvaal og Arne Værum.

Mineulykka på Heggøy
Av Liv Ingrid Alvheim

Sundag 4. mai 1941 hende det ei stor ulykke på garden Heggøy i Øygarden. Måndag skreiv Bergens Tidende: «Ny mineulukke i Øygarden krev seks menneskeliv.»Av dei to unge gutane som vart såra, døydde ein 11-åring seinare. Martin Alvheim fortalte i 1995 på kva måte han vart delaktig i ulykka.

Soga om Fløskjeret
Av Kjell Terje Dåvøy

Fløskjeret er ein liten holme som ligg på sørsida av Senosen, mellom Straumesundet og garden Breivik. Holmen er ikkje stor, den er berre omlag 50 meter lang og to mål i areal. Skjeret kan liggje verhardt til i nord-vestavinden, men på sørsida av skjeret er det likevel ei god og lun hamn.

Segn fra Øygarden

Ein mann frå Hjelme ville rydda seg ein teig der det berre vaks brake og lyng. Han hadde med seg middagsmat; supa i ein ambar. Då det leid til middagstid fann han seg ein høveleg kvilestad og tok loket av ambaren. Men der stod han med loket i eine handa og ambaren i hi – så hadde han gløymt å ta med skei.

Skinnhyre og sjøklede.
Fiskaren si drakt pa 18oo-talet.
Av Bjørg Christophersen 

Å vera fiskar har alltid vore eit hardt og krevjande yrke (…) Til alle årstider måtte fiskarane ut på havet i små båtar, utsette for ver og vind. Utstyret, og ikkje minst kleda, skulle tola sterk vind, væte og kulde. Bortsett frå båten var det meste av det dei trong produsert av fiskarbondehushaldet.

Lefse
Av Bjørg Christophersen

Lefse er ei av dei eldste formene for brød vi kjenner til i Noreg. Ordet lefse kjem av leiv, oldnorsk «hleifr» og tyder det enkelte brød, motsett «braud», som tyder brødet som stoff. Lefse er eit brødslag som har vore kjent i heile landet, men namn og tillaging har vore skiftande.

Giertsen-naustet på Ågotnes – kystkulturhistorie fra Fjell.
Av Jakob E. Ågotnes

9. juni 1903 gjorde oppsitjarane på Ågotnes i Fjell ein avtale der dei «bortleier en nøstegrund til Giertsen & Co, Bergen, 17 alen bred og 30 alen lang på et sted kaldes Mathopen.» Firmaet fekk også rett til plass for «volling af sine nøter, dog ikke paa klipfiskbergene naar der er fisk paa dem.»

Rutetrafikk i Øygarden
Av Erling Virkesdal

Det må ha vore litt av eit bisn for mange i Øygarden då hjuldampskipet «Oscar» peste seg sørover Hjeltefjorden, virvla opp sjøen med sine to store skovlhjul, spydde ut svart røyk, gjekk mot vind og straum og gav frå seg ein lyd som skremde mange inn i kjellar og naust (..) «Ka i Herrens søte namn og rike er detta her? E da tegn på at verdens undergang er nær?»

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *