Årboka «Havstrilen», som er eit samarbeidsprosjekt
mellom Nordsjøfartmuseet i Telavåg, Kystmuseet i Øygarden,
kulturminnelaget i Fjell og sogelaga i Øygarden og Sund, kjem
med dette ut for andre året på rad. Også denne gongen vil du
sjå av artikkelstoffet at det er mykje som er felles for regionen
vår, samstundes som du vil sjå lokale kulturhistoriske ulikskapar.
Dette er det viktig for musea og historielaga å dokumentera og
formidla. Ei felles årbok gjev oss høve til å arbeida konstruktivt
saman om desse oppgåvene.
Bøkene kan bestillast her frå desse heimesidene, eller kjøpast i mange butikkar.
Sponsor